Tilbake til startsiden

Namn på fjellslåtter, beite og arbeidsplassar i samband med husdyrhald frå Åknes på Andøya

 

Tilbake til Åknes krets

Av Eli Nordjord Hætta

 

 

Det særmerkte med landskapet på Åknes, er dei bratte fjella med grasliene, hamrane og urdane og det store neset som heiter Nordklubben og som utagårdsfiskarar kallar for Åknes-neset.

I utmarka er det eit smalt belte med gras og lyng mellom fjell og fjæra.

Før i tida gjekk det ein veg langs fjæra mellom husa og i utmarka der kyrne skulle gå.

Frå gammalt av har folk her vore fiskarbønder. Dei har hatt eit småbruk med eit par kyr, sauer og geiter. Desse fjøsa har så kvinnfolk og ungar arbeidd med om vintrane når mannfolka var på fiske. Om sommaren har heile familien vore i sving for å berge for til krettura over vinteren.  Grasliene blei slått og høyet tørka før det blei frakta heim, stakka eller hatt i utløer for å fraktast heim på vinterføre.

I 1974 laga eg ein liten namnestudie i samband med norsk grunnfag på dåverande Norges lærarhøgskole i Trondheim. Namna held seg innafor det området som tilhører Åknesgården. Far, Hilberg Nordjord (1900 - 1982) var heimelsmann. Han hadde bodd på Åknes heile livet og kjente bruken av namna i fjell og fjære. I alt inneheldt denne namnestudien 177 namn frå fjell og fjære, utmark og innmark.

Dei namn som er tatt med her, har med fjellslåtter og kreaturstrakk å gjere. Lista har 43 namn. Fjellslåttene var delt mellom bruka. Å slå i fjellet var det mykje godt slutt med før krigen sidan meir og meir jord blei oppdyrka. Gudleik Jacobsen var den siste som slo i fjellet, det var på slutten av 40-talet, så eg hugsar at høysekkane rulla nedover Jarlia og ned på Høysletta.

Korleis det ser ut no på fjellslåttene og i utmarka, veit eg ikkje så visst.  Men då beitinga avtok og etter kvart slutta, så tok småbjørkene til å vekse. Nokre stader blei det rein jungel.

 

Beltlia. Li i Åknesfjellet, nedafor Beltlitinden. Beltlitinden hadde nok namn  etter dei karakteristiske lyse "beltene" av kvarts i det mørke berget.

Grunnordet li blir brukt om hellingar i fjellet. Her for det meste brukt om hellingar der det veks gras, ikkje skog. Ofte brukt i samansette namn.

Bjørnlia. Slåtteli i utmarka. Hit jaga vi sauene om våren i min barndom når dei skulle på sommarbeite dersom vi ikkje slapp dei i Geitlien. 

Ville dyr har sett merke etter seg i namnegjevinga. Namn som Bjørnlia minner om den tida då det fanns bjørn på øya,nesten heilt fram til forrige hundreårsskifte.

Blomlia. Slåtteli, men  ein vanskeleg plass å få graset ned. Der voks blom (bregner). Blomrøtter blei brukt til for (moldfor). Dei som grov opp røtene måtte ha såpass plantekjennskap at dei ikkje tok blindmoldfor. Dei meinte at sauene blei blinde ei tid av å ete blind-moldfor.

Breilia. Godt slåttefjell, men ulendt å få graset ned. Breilihamran ligg tett ovafor. Førsteleden av ordet fortel om det karakteristiske ved staden,om utsjånaden.

Buslettrånna. Stor utrapa (skrea) i fjellet sør for utmarkgjerdet. Beiteplass for sauer, kyr og hestar. I 1959 gjekk her eit stort steinskred.

Ei rånne er  ei grunn, grumset renne.(F. Myrvang)

Førsteleden buslett kan rett og slett vere buslepp, at dei jaga kyrne hit og slapp dei så dei kunne beite.

Fagerbakkan. Brei kreatursti som gjekk gjennom skogen og inn i Norddalen. Det var medan det endå blei beita. Førsteleden skal fortelle om utsjånad. Etterleden bakke er brukt om grasgrodde hall og høgdedrag.

Geitlien. Graslier i Norddalen som blei brukt til beite. Kanskje og brukt til slåttefjell? I min barndom jaga vi ofte sauene hit om våren. Geitehaldet var slutt før krigen, så namnet skriv seg nok frå lenger attende i tida.

Hankelia. Lang, smal slåtte i Åknesfjellet. Førsteleden er vanskeleg å tyde, kanskje har det med utsjånad å gjere.

Hankelistrupen. Der Hankelia svingar austover.

Hannagrava. Utrapa i Storbakkan. Brukt til slåtte. Hanna på Høgra (Hanna Fallentinsdatter 1841-1936) slo her. Den staden hadde sikkert eit anna namn før Hanna si tid dersom den var i bruk. Hannagrava er eit søkk i slåttefjellet.

Grav tyder riktig nok fordypning.

Hestan. Hamrar som er delt i to i overgangen mellom Åknestinden og Norddalsheia. Ein sauesti går over her. Dei som gjekk over Hestan i sauleitartida om hausten, måtte ikkje ha høgdeskrekk, for her var smalt.  Slike jamføringsnamn som Hestan (samanlikningsmamn) står ofte usamansette. Dei har blitt til gjennom ideassosiasjon på grunn av likskap. Likskapen treng ikkje vere stor.

Hestlia. Ligg nedafor Hestan. Namnet kjem nok av at lia ligg nær Hestan, for her har i alle fall ikkje vore noko hestebeite, her er for bratt.

Høysletta. Slette ovafor sommarfjøsan der kyrne beita om kvelden før mjølkinga. Gjerda inn mot vest og sør av eit steingjerde.

Slette tyder flat strekning. På eit bilete frå byrjinga av førre hundreåret har eg sett to høyløer på Høysletta. Kanskje hadde dei fjellhøyet hit før dei kjørte det heim på vinterføre.

Hågholla. Søkk attom sørenden av Heimerhågen. Ein liten leikeplass, sa far om den staden. Kanskje fekk ungane lov å leike der medan dei vaksne slo i fjellet. Fjellslåtta til Nordjorda låg like ved.

Namn etter Hågen eller Heimerhågen, ein morenerygg sør på Høysletta.

Jarlia. Rånner i fjellet ovafor høysletta. God slåtte her, men ikkje fritt for steinsprang. Avgrensa mot nord av urd eller små hamrar. Namnet kjem truleg av jare som tyder vevkanten på ty. Jarlihamran ligg tett ovafor.

Jarlisva. Sørhelling på Jarlihamran. Brukt til slåtte.

Eit svad kjem av gammalnorsk svad og tyder "bar klippegrund, især hvor Jorddækket er afskylled eller borttaget (Rygh). Om denne staden har vore eit svad opprinneleg, så var det i alle fall grodd over med gras til far sin barndom.

Kolbeinta. God slåtteli i Åknesfjellet. Førsteleden kan ha namn etter ein Kolbein utan at eg veit om ein slik person i Åknes si historie. Etterleden ta kan opprinneleg ha vore to som tyder "græsplet, liten Grønning mellom Klipper og Krat (Aasen)

Kuhammaren. Hamrar sørom Sekstidalen, mot Jarlia. Kyrne trekte så langt opp som hit for å beite. Det hadde vel og hendt at kyr hadde rapa her (dotte ned og slått seg i hel) når dei kom for langt opp og ikkje greide nedturen. Hammar tyder bratt bergvegg.

Kuhammaren hadde noko eventyraktig over seg. Der bodde nemleg Per i Kuhammaren, veit ikkje ka slag skapning han var, eit troll eller ein rise kanskje. Han hadde fleire døtre. Det var ho Soleia og det var ho Rabarbra og ho Forglemmegei. Det var Amanda Jensen ( 1886-1972) som fortalte desse eventyra. Då kattungen min ein dag blei borte, kunne Amanda fortelle at ho litje-pusi var hos han Per i Kuhammaren og der hadde ho det godt. Amanda kom rett som det var med helsing frå ho litje-pusi.  Veit ikkje om han Per i Kuhammaren med dei mange døtrene var ein eventyrtradisjon som gjekk langt attende i tida eller om det var ho Amanda som fann dei opp. Men det gav i alle fall rom for fantasi.

Labakkan. Bakkar nedafor Bjørnlia. Her i nærleiken ligg fleire namn med førsteleden la-, t.d. Labakkomnen og Lasteinen.

Lastranda. Slette nedafor vegen. Brukt til beite. Her hadde det nok stått høy-løer før både mi og far si tid.

Litje-Kolbeinta. Slåtteli nordom Kolbeinta, berre ein flekk.

Utmerkingsordet her, litje,fortel om storleiken på staden.

Litje-rånna. Rånne ved Litje-skrea.

Litje-sletta. Rund graspall rett sør for Heimerhågen. Fint gras der som hestane og kalvane likte.

Melkenesset. Nes ved fjæra sør om utmarkgjerdet. Her blei kyrne hatt i grindar og mjølka før sommarfjøsane si tid. Om natta måtte dei ha vakt mot bjørnen.

Mikkjelsenga. Godt slåttefjell sørom Ryggan oppafor nordenden av Heimerhågen. Førsteleden kan vere oppkalling etter ein person, Mikkel, uttalt Mikkjel. Etterleden - senga er eg meir usikker på, kanskje skal det vere -enga.

Norddalen. Norddalselva renn her og markerer skillet mellom Åknes og Dalen (Svindalen). Så halve Norddalen tilhører Åknes. Dalen ligg i retning sør for Åknes, men den heiter Norddalen for å skille den frå Sørdalen som ligg sør for Svindalen.

Ryggan. Slåttefjell sør for Jarlia, dei strekker seg frå Høysletta til heia og kan minne om dyreryggar.

Sekstibakkan. Bakkar i Åknesfjellet som blei brukt til slåtte. Frå Sekstidalen og ned til innmarka.

Sekstidalen. Brukt til slåtteland, men steinet. Sør om Rishamran. Der har gått ras. Før var der små avsatser og eit flatt platå øvst. Namnet kan kome av nedertysk set= flate (F.Myrvang).

Seljeskogen. Fjellslåtte som hørte til Nordjorda frå nordenden av Heimerhågen og oppover. Her voks ei og anna selje. Førsteleden selje fortel ikkje om ei stor mengde med seljer, men derimot at selja var ein sjeldan vokster her.

Seljeskogfoten. Nedanfor Seljeskogen, frå Seljeskogen til steinlagt transportveg for høysekkar. Denne steinlagte vegstubben hadde bestefar Rasmus Pedersen (1860-1932) bygd. Om han gjorde det åleine eller hadde nokon med seg, veit eg ikkje.

Skardlia. Slåtteli attom Storskardet. Kanskje denne slåtta og tilhørte Nordjorda. I alle fall hadde Nordjorda slåtte bakfjells slik at dei måtte frakte graset på solsida for å få det tørt.

Skjettliryggan. Ulendt slåttefjell sør om Bjørnlia. Førsteleden i namnet kjem nok av at her var vanskeleg å slå.

Slåttlia. Slåtteli ovafor Hagen og Åknes brn. 3.

Smålian. 1) Små lier som ligg som ein bord mellom brattberget og urdene i Åknesfjellet. Brukt til slåtte.

2) Små lier under hamrane sør for Storskardet.

Her er storleiken med å karakterisere staden.

Storbakkan. Slåttefjell sør om Mikkjelsenga.

Storlia. Største samla slåtte i Åknesfjellet.

Storlistøvle. Slåtte øvst i Storlia. Etterleden her er vanskeleg å tyde.

Stykkjan. Slåttefjell som rekk frå innmarka til heia. Sør om Hankelia. Ordet stykke eller på dialekt stykkje er brukt om jordteiger og utslåtter. Her brukt usamansett.

Stykkj-heia. Heia ovafor Stykkjan. Brukt til slåtte.

Tjyv-lia. Liten ulendt slåtteteig som ligg bortgjømt i skogen. Førsteleden tjyv tyder på at her var ein vanskeleg stad. Eit vanleg uttrykk på Åknes og utover øya var at "dette var eit ordentleg tjyv-holl", i tydinga at her var det vanskeleg å vere eller få gjort noko.

Tunga. Slåttefjell som er nesten på heia ovafor ryggan. Namn etter form, som ei tunge.

Tårnlia. Li ovafor Tårnhamran, eit namn laga i nyare tid, meinte far.

 

 

 

Namnemink

Namna i fjellet var i bruk lenge etter at det var slutt å slå fjellgraset.  Så lenge folk hadde sauer og kyr i utmarka, var det viktig å kunne forklare seg presist om stader der dyra var eller var sett.

Alderen på namna

Det er vanskeleg å fastsette nokon alder på namna, men dei fleste treng ikkje vere svært gamle. I skriftlege kjelder møter ein ikkje namnet Åknes før i 1567: "Leidanngenn aff Anndennes leen anni 1567". Namnet har truleg tydinga åkernes.

Namn som Bjørnlia må i alle fall vere eldre enn 1890-åra då den siste bjørnen på øya blei skoten. Namnet Melkeneset kan vere frå den tida dei samla kyrne i grindar og mjølka dei der, seinast andre halvdel av 1800-talet.

 

Tilbake til Åknes krets
Tilbake til startsiden