Tilbake til startsiden Bjørnskinn skole - Bjørnskinn krets

 

Tilbake til bygninger Skolebygningen i Bjørnskinn slik den framstår i dag. Foto: Idar Nilssen. (Klikk for større bilde).

 

Bygningen ble oppført i 1869-70.

Lærer Magnus Nilssen skrev i 1938 blant annet dette om forhistoria til skolen i Bjørnskinn:

 

 

"I Bjørnskinn kan dei i 1839 få bygsle ein gard hos Hans Petter Paulsen. Den kan „føde 1 Hest, 7 Køer og 20 Faar". - Det er lite om dette åra utetter, men i 1867 eller 68 er det ein privatmann (presten?) som har kjøpt eit jordstykke som klokkaren får bruke. Dette jordstykke med fjøs har kosta privatmannen 220 spd. Han er villig til å selje det for 200. Til den prisen blei det kjøpt i 1872 med 150 spd. i tilskot frå Amtskassen.

I 1867 søkte dei om 400 spd. til skolehus og klok­karbustad på Bjørnskinn. Men då saka er førre litt seinare på året er og Skjolde på tale. I 1868 søkte dei på ny, denne gongen om 250 spd. til skolehus på Bjørnskinn.

Bygninga stod då optømra i Namsos og muren var ferdig. I 1869 er huset kome under tak, men er ikkje ferdiginnreidd.

Denne bygninga som frå først av stod oppe ved gårdsveien, blei i 1903, av Jacob Lien, flytta heil ned til der den nå står. Huset var tungt og hadde nær blitt ståande i myra, men så møtte bygdefolka fram som til jektesett i gamle dagar."